|
Sunnfjordsjenta "Johanne" og sogningane "Anna, Kristi og Trond" skal på turné! Fyrste stopp er Lillehammer, der dei skal innskrivast i manntalet. D.v.s. dei skal fotograferast og det skal lagast katalog med alle opplysningar. I lag med ca 30 utsendingar frå andre landsdeler, skal dei vera Norsk folkedraktforum sitt bidrag i Kulturminneåret 2009, og bli del av ei vandreutstilling som skal starta i Trondheim like over nyår.
av Bjørg Hovland
|
|
Norsk folkedraktforum arbeidar med forsking og dokumentasjon av folkeleg draktskikk og tradisjon, på grunnlag av historisk kjeldemateriale. Herunder kunnskap om tekstilar og teknikkar som held på å bli borte.
Figurane er heimelaga med netting, tre, gips og trikot. Alle mål på ein vaksen : 2. Det er mange timars arbeid når alle plagg og detaljar skal minkast ned. Me har lært av danske Esther Grølsted. Hennar figurar med danske folkedrakter har vore m.a. i Amerika og Østerrike. Klea som desse har på, er kopiar av høgtidskle som var kyrkjeklea tidleg på 1800-talet, medan dei enno hadde sitt lokale særpreg. Innafor ei viss ramme og eit distrikt, varierte det etter helg og kvardag, tilgang og økonomi, stilling og stand. "Johanne" frå Jølster og "Anna" frå Fortun er giftande jenter, "Kristi" frå Luster er kone, det ser me av hovudplagget. "Trond" er kanskje nygift "vikje", sidan han brukar brudgomstrøya si. Mange vil spørja kvifor leggja så mykje arbeid i dette? Til det er å sei at det er ein hyggeleg og interessant måte å spreia opplysning og kunnskap på, og at dette har ingen her i landet gjort før, og venteleg er det noko som varer etter vår tid. Ann, Gunnvor og Bjørg ynskjer dei "lukka på reisi"! |
|
|