Norsk Folkedraktforum
Eit vellykka dokkekurs
av Helga Reidun - denne gong som deltakar

Forventningsfulle deltakarar kom køyrande fleire titalls mil for å bli med på dokkekurset i Hovin i Telemark, i midten av juni. I alt 11 deltakarar, mange frå Telemark, men også frå Sogn og Sunnfjord, Oslo og Nord-Østerdalen. Formålet med kurset var å lage draktdokker i halvparten av vaksen storleik.
Dokkeprosjektet
Dokkeprosjektet i Norsk folkedraktforum er ikkje nyleg uttenkt. Det hele starta etter Nff’s fagtur til København i 1999. Da me besøkte Nasjonalmuseets avdeling på Brede, fekk me sjå ei samling draktdokker laga i halv størrelse.
Flott årsmøte i Jølster
Årsmøtet for Norsk folkedraktforum i 2007 vart halde på Jølster Hotell sundag 11. mars. Dette gjekk greit, med vanlege årsmøtesaker og valg, som førte til gjenvalg av styret. Dagen før hadde medlemmene opplevd eit innhaldsrikt fagseminar, som var tilrettelagt og dyktig leia av Ann Lundekvam.
Magny Karlberg heidra på årsmøtet
Sist helg var Jølster hotell staden for ei offisiell hending. Norsk folkedraktforum hadde lagt årsmøtet og fagseminaret sitt til Jølster, og i denne anledningen vart tidlegare direktør i Bunad- og folkedraktrådet tildelt Kongens fortjenestmedalje i gull.
Dette er Norsk
folkedraktforum

Organisasjonen Norsk folkedraktforum (Nff) vart stifta i 1995 og er en landsdekkende organisasjon for dei som er interessert i folkeleg draktskikk, som arbeider med forskning og dokumentasjon innanfor dette området, og som utviklar og produserer bunader på grunnlag av historisk kildemateriale.