Norsk Folkedraktforum
Eit vellykka dokkekurs
av Helga Reidun - denne gong som deltakar

Forventningsfulle deltakarar kom køyrande fleire titalls mil for å bli med på dokkekurset i Hovin i Telemark, i midten av juni. I alt 11 deltakarar, mange frå Telemark, men også frå Sogn og Sunnfjord, Oslo og Nord-Østerdalen. Formålet med kurset var å lage draktdokker i halvparten av vaksen storleik.
Det heile starta med å lage hodet, og så kroppen. Mye av arbeidet gjekk ut på å stappe vatt i kvar enkelt kroppsdel, og etterpå feste desse saman. Det mest morosamme var da me fekk ”feste maska”. Med ansikt og linhår hadde dokkekroppen blitt eit ”menneske”. Med eit ansikt som stråler mot oss, uttrykker dokka ei viss personlegheit. Om det vart dame, når me hadde bestemt at det skulle vera mann, var kanskje litt verre å takle. Men med nokre grep kunne ein lett endre på det.
Med dei siste målingstrøka på ansiktet var dokkemodellen snart ferdig. Det var omtrent dit me kom kurset var over sundag, og me måtte dra heim.

Morosamt, men arbeidskrevande! Mange takk til Inger Petersen og Ingrid Dillekås Adelsøn som hadde utvikla ein ”ny” metode å lage dokkekropper på.

Ei lærerik helg! Og mange takk for den gode maten som Ingrid og Inger Holm Jørgensen sto for.


Her er noen bilete Ingrid Dillekås Adelsøn og Bjørg Hovland tok på dokkekurset: