Norsk Folkedraktforum
Dokkeprosjektet
Dokkeprosjektet i Norsk folkedraktforum er ikkje nyleg uttenkt. Det hele starta etter Nff’s fagtur til København i 1999. Da me besøkte Nasjonalmuseets avdeling på Brede, fekk me sjå ei samling draktdokker laga i halv størrelse.
Ester Grølstedt var personen bak desse. Året etter kom ho til Norge og hadde kurs i Nff. Resultatet frå kurset vart halvferdige dokker. Desse vart seinare presentert ferdig påkledde, og ei vandreutstilling med draktdokker vart åpna under årsmøtet på Steinkjer, på Stiklestad Nasjonale Kultursenter i 2004.

Når Kulturminneåret 2009 vart nemnd, vart spørsmålet: Kva kunne Nff bidra med? På årsmøtet i Numedal i 2006 vart det semje om å la draktdokkene bli vårt prosjekt. Målet er å få ei større samling dokker ut på «vandring».

Vi er nå inne i året 2007, og er i ferd med å bygga opp staben av draktdokker.

Helga 15. - 17. juni arrangerer Nff kurs i laging av dokkekropper på Maurud i Hovin i Telemark, hos Ingrid Dillekås Adelsøn. Seinare blir det samlingar for å sy drakter og lage sko.

Prinsippet for drakter og sko er rekonstruksjon av dei gamle folkedraktene, som blir laga i halv størrelse.