Norsk Folkedraktforum
Det skal dokkene frå Valdres også ...
Berit Vidme i Vang bunadssaum har laga ei dokke med bringedukdrakt frå tidleg på 1800-talet. Grethe Rudi Bråten og Gunhild Nørsterud i Valdres folkedraktsaum har ei dokke kledd i rutastakk og i ein mannsbunad frå Valdres, begge frå perioden 1850-1870. Dei tre dokkene vart presentert i ein fyldig reportasje i Avisa Valdres nyleg.

Her er heile artikkelen frå Avisa Valdres:

Bunaddokker på utstilling

Medlemer i Norsk folkedraktforum har laga 30 bunadskledde dokker som neste år skal på turné landet rundt. I mars kjem dokkene til Fagernes.

av Tor Harald Skogheim

BUNADDOKKER: Grethe Rudi Bråten (t.v.) og Gunhild Nørsterud med tre dokker med bunader frå Valdres. Til venstre ein rutastakk, og i midten ein mannsbunad med stuttrøye. Til høgre dokka med bringedukbunad, laga av Berit Vidme, som ikkje hadde høve til å vera med på biletet.

 

Dokkene er om lag 80 centimeter høge, med andre ord om lag halv vaksen storleik. Bunadene er historisk korrekte, ned til minste detalj.
Valdres er representert med tre dokker. Berit Vidme i Vang bunadssaum har laga ei med bringedukdrakt frå tidleg på 1800-talet.
Grethe Rudi Bråten og Gunhild Nørsterud i Valdres folkedraktsaum har dokker kledde i rutastakk og i ein mannsbunad frå Valdres, begge frå perioden 1850-1870.


Samling på Lillehammer
I går gjorde Rudi Bråten og Nørsterud seg klare til å dra til Lillehammer med dei tre dokkene, Vidme kunne ikkje vera med sjølv.
– Alle 30 dokkene, med folkedrakter frå ulike delar av landet, skal samlast der. Dei skal også fotograferast, for det skal lagast ein katalog som skal fylgje utstillinga rundt i landet, fortel Nørsterud.
Ei verna bedrift på Lillehammer har laga trekassar, ei til kvar dokke, som skal syte for at dokkene blir tekne godt vare på under fraktinga. Utstillinga kjem også til Fagernes, i samband med at årsmøtet i Norsk folkedraktsaum skal avviklast på Nythun høyfjellstue i mars neste år.


Tidkrevjande

Norsk folkedraktforum er ein interesseorganisasjon for dei som driv med bunadssaum, og Nørsterud og Rudi Bråten synest at det var ein fin idé å lage ei vandreutstilling med bunadskledde dokker for å markere Kulturminneåret 2009. I sommar var dei på kurs i Lillehammer for å lære å lage dokkene.
– Det var krevjande nok, men likevel var arbeidet med sjølve bunadene det mest omfattande. Det tok utruleg mykje tid fordi mange detaljar er så små, seier Rudi Bråten. Ho fortel at det gjekk med 15 timar for å sy sjølve rutastakken med liv, og at det tok to kveldar berre å lage frynsene til det vesle sjalet som høyrer med.